Tone Edland og Ane Killingtveit.
VTB
Meiningar
Sakleg eller usakleg forskjellsbehandling
Lesarinnlegg
Trygve og Hege Veslestaul er skuffa over avslag på søknad om å dele eigedomen sin Sudbu og Røyndal i Øyfjell, og syns at me og andre i Planutvalet driv med forskjellsbehandling. Ofte kan saker virke «heilt like» og det er difor vanskelig å skjønne kvifor nokon får ja medan andre får nei. Me politikarar prøvar så godt me kan å ikkje gjera forskjell, men me legg vekt på og ser ulike argument, og difor kan samasetninga av politikarar f.eks. frå ein periode til ein ana, frå eit møte til eit ana gjera at diskusjonen endrar seg og resultatet av røystinga blir annleis. Slik er demokratiet.
Dykkar sak var oppe til handsaming fyrst i juni, så i august og september 2024, før saka kom opp att på nytt no i februar. Når me undra oss over kor mange gonger ei sak kan koma opp att, var nok det av di me ikkje heilt såg at dei nye argumenta endra hovedgrunnen vår til å gje avslag.
I saksutgreiinga frå juni skriv sakshandsamaren m.a at «ved avgjørelse om hvilken bruksstørrelse som er tjenelig, må det tas utgangspunkt i ressursgrunnlaget og om ressursen kan drives på en kostnadseffektiv måte i et langsiktig perspektiv. Dele i to mindre bruk er neppe i tråd med dette.» Når de i 1982 søkte om å kaupe Røyndal som tilleggseigedom, så var jau dette nettopp for å styrke hovedbruket dykkar Sudbø, og få ein større og meir driveverdig landbrukseigedom. Sjølv om det er to separate eigedomar, så er dei eigd og har dei blive drivne som ein, og dei blir sett på som ein driftseining etter jordlova. Me var 5 mot 1 som stemde for å avslå søknaden dykkar i juni. Ved handsaming av klaga i september var me 6 mot 1 som framleis ikkje ynskte å gje dykk løyve til å dele opp att eigedomen. Grunngjevinga var framleis den same, at sidan de har aktivt søkt om og argumentert for kvifor desse to bruka i fyrste omgang burde få bli slegne i hop, vil ei deling slå negativt ut på drift av garden.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP