Ivar Barstad (Raudt).
Tone Tveit
Meiningar
Sarkasme og hersketeknikk
Lesarinnlegg
Gruppeleiarane i dei tre styringspartia i Seljord kritiserer i eit innlegg Sondre Aasan sin sarkasmebruk. Me skal vera «varsame med å bruke sarkasme or ironi i det politiske ordskifte», skriv dei.
Hersketeknikk er tydelegvis ei anna sak. «(...) Forsøk på å score billige poeng etter at Senterpartiet tapa valet» og «deira oppgåve (har) blitt å kritisere og bælare i eit forsøk på å fremje sein eigen fortreffeligheit» er blant setningane som syner ei tydeleg trong for å tråkke på sine meiningsmotstandarar, sjølv om dei tre styringspartia samla har 3/4 av politisk makt i kommunen. Kor kjem denne tronga frå? Er ikkje posisjonen trygg nok på eigen politikk og eigne avgjerder til å kunne stå for dei med rak rygg - utan å rakke ned på kritiske stemmer?
«Det mest oppsiktsvekkande her er at Aasan tydelegvis har gløymt historia», held dei fram. Liknande argumentasjon har dei kome med fleire gonger, og sementerer seg såleis trygt inne på konservativ grunn. Sjølv var eg avventande i Formanskapsmøtet rundt skulereglar og stilde meg bak fleirtalsforslaget, men i etterkant fall eg frå og stilte motforslag i kommunestyret. Har eg då «gløymt historia» - eller har eg rett og slett endra meining?
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP