Skal tru kor dei 1000-vis av bilførarane som brukar 60-sona etter Vinjeflatane som forbikøyringssone, hev teki lappen? Dei kan vel aldri ha teki prøva på det utilfredsstillande Dalen alle desse?
Vegdirektoratet gjorde i si tid framlegg om at 22 trafikkstasjonar av 74 skulle leggjast ned. Tilbodet skulle effektiviserast og rasjonaliserast -må vita. Dette skulle gje eit betre tilbod. Når styresmaktene tek slike ord i sin munn so tyder det sentralisering. Det hev me røynt.
So blei det ikkje slik direktoratet hadde tenkt. Alle, stasjonar so ner som ein. blei oppretthaldne. Ein måtte vel for skam skuld få vekk ein, for å rettferdiggjera all tid og ressursar som «ein lang og brei politisk prosess» kravde.
Artikkelen held fram under annonsen.
At det nettupp er Dalen som skil seg so ut som ubrukeleg av dei 74, er meir enn merkjeleg.
Men alle innspil i prosessen, og alle glupe hovud som hev vori i bruk, seier at Dalen kkje er brukeleg.
Eit av kronargumenta skal vera at det vegstandarden er so låg at ein kan kje køyre landevegskøyring i 80 km/t. Å hu og hu – tenk på alle dei som køyrer desse strekningane i sitt daglege arbeidsliv. Hadde det ikkje vori lagleg om desse fekk øve seg og taka prøva på dei vegane?
So seier stortingsreprentant Abrahamsen (H) at det faglege veg tyngst i avgjerdsla. Den same faglege vurderinga gjeld og andre stader i Vest-Telemark. Einkvan hev ymta frampå om Åmot. Men stortingsrepresentanten meiner at Åmot heller ikkje fyller minstekrava. Det kan i tilfelle ikkje gjelde kravet om køyring i 80 km/t. Ikring Åmot er det jamvel lovleg.
Ein kan ha mistanke om at Vest-Telemark ikkje skal ha nokon uppkøyringsstad. Og at det er hovudargumentet.
Styresmaktene hev sikkert funni ut at det er meir samfunnsøkonomisk å sende førarprøvekandidatar m/ «privatsjåfør» til td Notodden. Skuleeleven må skofte heile skuledagen på Dalen Vg, og «privatsjåføren» må skofte arbeidet. Sensor til førarprøva kom til Dalen på visse tider, og skuleeleven kunne smette førarprøva inn i skuledagen. Og «privatsjåføren» kunne få fri frå køyring.
Førarprøva på Dalen skal ikkje vera god nok. Sprøyt.
Skal tru kor dei 1000-vis av bilførarane som brukar 60-sona etter Vinjeflatane som forbikøyringssone, hev teki lappen? Dei kan vel aldri ha teki prøva på det utilfredsstillande Dalen alle desse?
Artikkelen held fram under annonsen.
Olav Nordstoga