KRONIKK

Soga om 17. mai stutt fortald

«Kongeriket Norge er et fritt, selvstendig, udelelig og uavhendelig rike. Dets regjeringsform er innskrenket og arvelig monarkisk.» Slik lyder § 1 i Noregs grunnlov, i dag som i 1814. Orda «fritt, selvstendig og udelelig» var på plass 17. mai 1814; «uavhendelig» blei sett inn av «Det overordentlige Storting» hausten 1814. Det tyder at riket er så suverent at det ikkje kan gjevast burt. 4. november 1814 laut ein likevel kjennast ved den aldrande og barnlause svenske kong Carl XIII. som konge også i Noreg, slik Kieltraktaten frå 14. januar 1814 kravde. Men, Noreg var sikra eigen nasjonalforsamling (Stortinget) og eiga regjering då vi gjekk inn i unionen. Kongemakta var òg blitt meir innskrenka sidan 17. mai, og sjølvstendet innprenta ved uttrykket «uavhendelig».

Alt dette godtok den sterke mann i Sverige på den tid, Carl Johan, den adopterte kronprinsen; opphaveleg fransk sakførarson med namnet Bernadotte. Som svensk kronprins frå 1810, hadde han i 1812 sytt for å få ein lovnad frå Russland om stønad til Sveriges ynskje om Noreg, mot å gje endeleg avkall på Finland som Sverige hadde måtta avstå til Russland i 1809. Vidare garanterte England for denne bytehandelen, som var planlagd før Kieltraktaten sette kruna på verket i 1814.

At Carl Johan godtok ei sjølvstendig norsk grunnlov, sette vel ikkje bom for planar om gradvis å stramme taumane. For 10 år seinare prøvde han å undergrave grunnlova. Stortinget avviste framstøyten med basis i eit dokument frå 17. mai 1824, utforma av juristen Christian Krohg. Vernet om grunnlova var fjellstøtt i dei dagane! Carl Johan som jo var ein son av 1700-talet, bøygde seg for andre gong. Men han motarbeidde feiring av 17. mai til han døydde, visseleg av di rivalen Christian Frederik, blei vald til norsk konge på den datoen.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS