Minneord
Spelemannen Tarjei Romtveit til minne
Vørnad - var ordet som fyrst kom i tankane da eg fekk meldinga at spelemann Tarjei var faren.
Han var ein person som merkte seg ut – når han opptrådde med fela – på kappleik, konsert eller i mindre lag. Han var ein av dei du såg i mengda i eit samvær og som fort blei eit midtpunkt. Det stod stoltheit og vørnad av han, og ein retta umedvetent rygg og nakke når ein samtala med han.
Han var inkluderande, ordhag, skjemten og løgleg, men kunne og vere alvorsam, temperamentsfull og gnistre til stundom, særleg når han meinte folkemusikken blei stemoderleg handsama av ukunne og respektløyse. Men i alt dette stod det likevel ein vørnad av han, ikkje minst i det å kunne opptre og føre seg både på og utanom scena. Slik var han eit førebilete me kan lære av, me som kom etter.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP