Minneord
Steinar Berthelsen – minneord
Steinar Berthelsen, f. 11.09.1950, vaks opp på Åmdals Verk på ein stad og i ei tid som prega han heile livet. Steinar har lenge hatt blodkreft – ein sjukdom han kriga tappert mot i 12 år – for så å måtte gje tapt og han døydde den 9. oktober i heimen sin i Elverum.
Oppveksten sat djupt i Steinar. 0g han var stolt av og glad i Verket. Sjølv om han tidleg flytta bort, var det alltid stas å koma tilbake. Guidinga for oss i vennegjengen for nokre få år sidan på garden han vaks opp på, og i gruvene som gav opphavet til Åmdal-samfunnet, viste kva rotfast binding han hadde til denne staden.
Det var òg her eg møtte Steinar for fyrste gong. Det var tideleg 60-tal og krinshopprenn på Åmdals Verk. For meg ei reise ut i verda og med Steinar som ein slags husmann i bakken. Med Skipolin under skia – for oss begge. Han var blid då, og han har møtt meg med sitt blide åsyn seinare. Etter dette fyrste møtet har eg kjent han, fyrst på idrettsarenaen, så gymnaset i Bø og så for å møtast att på NLH, Ås. Han alltid litt føre meg. Forspranget hans har vore i alder, men òg i å forstå og tolke ein kompleks indre og ytre verden. Det var kunnskap i møtet med Steinar, men framfor alt var det omtanke, empati og interesse for andre som prega han. At han var open om å ha hatt tunge tak i periodar, gjorde det lettare for oss andre å snakke om stormar i eigne, indre landskap. Alt dette gjorde at vi blei så glad i Steinar. Han var pure kvalitet.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP