Det er heilt naturleg å tenkje at når det er vinter og kaldt her i landet, vil straumprisen gå opp. No ser me at dette stemmer, kulda er her og straumprisane skyt i vêret. Dette er enkel lære, og i år kan det i tillegg vera lett å tru at ein eller annan med kraftverksinteresser finn at tida inne til å fylle opp pengekassa etter nedturen i fjor.
Ja, kva var det med i fjor? Det var mest utriveleg kor billig straumen vart. Me bruka då straum, men det var som om straumselskapa ville prakke på oss straum i det uendelege. Kunne årsaka til det som skjedde; vera mild vinter, til dels mykje snø i fjellet, stort tilsig til vassmagasina og meir vindkraft? Men det var då heilt urimeleg med slik tullepris. Kva slag kraftselskap ville finne på å ruinere seg sjølv? Me må lure på om me er fanga i eitt eller anna. Meteorologiske fenomen for dei vel 5 mill. innbyggjarane i Noreg kunne då ikkje få slike utslag; rasere verdien av vasskrafta her i landet og påverke straumprisen i mest heile Europa. Nei, grunnen til heile greia var låg pris på det viktigaste brenslet ute i den store verda, gass og kol, og så blei det eit kjempefall i kvoteprisen på CO2 på grunn av coronaen.
Straumprisen vert fastsett av kraftbørsen for Nord-Europa, Nord Pool. Her møtest kraftprodusentar og leverandørar for å fastsetje kor mykje straumen er verdt. Det er altså den nordiske/nordeuropeiske kraftmarknaden som avgjer straumprisen. Der er dei såpass suverene at dei kan publisere straumprisen for neste dag rundt kl. 13-14. Så når du les dette, er prisen for morgondagen klar.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP