Svar til Pål Prestrud
Eg viser til brev til ordføraren i Vinje frå ein korona-pasient, på trykk i VTB 24. april. Eg registrerar at du ikkje har hytte i Vinje eller anna tilknyting til Vinje, men vel likevel underteikna som adressat.
Vinje kommune meiner det var medisinskfaglege grunnar for å be om eit hytteforbod. Det gjaldt både fare for smittespreiing – som oppstår når folk forflyttar seg frå eit samfunn til eit anna, og det gjaldt beredskapssituasjonen i Vinje. Alle hyttefolk tenkjer at dei er friske og skal reise på hytta. Blir dei sjuke så køyrer dei heim. Eg trur ingen av dei hyttefolka som oppsøker legevakta i Vinje har planlagt det då dei reiste på hytta. Eg trur ingen av hyttefolka som må bruke ambulanse har planlagt for det. Det ligg i naturen til ei ulykke at den skjer uplanlagt. Trafikkulykke, heimeulykke på hytta eller ulykke ved bruk av utmark. Det kan vere alvorleg helseskade, eller mindre alvorleg som ein skulder ut av ledd. Det same når det gjeld alvorleg helsesvikt som hjarte, hjerneslag, blodforgifting, m.v. Dette har Vinje kommune lang erfaring med at skjer, dette er empiri og ikkje synsing. I normalsituasjon handterar helsetenesta i Vinje dette fint. I år er det ein pandemi. Den spesiell utfordringa er ein normal påskesesong med 25 000 menneske i Vinje, der legar og helsepersonell må jobbe med handtering av smitta personar og smittesporing samstundes som ein på smittefagleg måte skal ta i mot på legevakt og i ambulanse. Vi var også redd for å få meir smitte i kommunen ved at mange menneske forflytta seg til Vinje frå andre område i Sør-Noreg. Kriseleiing meinte det var føremålstenleg med hytteforbod.
Artikkelen held fram under annonsen.
Regjeringa handla raskt, og det blei sett i verk mange tiltak frå 12. mars og utover. Statsministeren bad folk reise ned frå fjellet – reise heim frå hyttene sine. Ho truga med bruka av Sivilforsvaret. Helseministeren bad hyttefolk reise heim, og om dei ikkje gjorde det ville han innføre eit hytteforbod. Dette gjentok helseministeren i nokon dagar, før han innførte hytteforbodet. Regjeringa meinte då at det var fornuftig med eit hytteforbod frå 19. mars til 20. april. Eg registrerar at du tillegg meg at eg har makt over regjeringa. Eg trur det er å overdrive min rolle. Regjeringa innførte eit hytteforbod. Det meiner Vinje kommune var nødvendig, og vi meinte opphøyr av hytteforbodet 20. april ikkje var tilpassa Vinje sin situasjon, og at det burde vare til 27. april. Vi fekk aldri høve til å legge fram vår rettslege og faktiske grunngjeving for dette før det blei kjent ugyldig. Det er då lett å håne kommunen for feil rettsoppfatning når vårt syn ikkje får kome fram i drøftinga til fylkesmannen. I alle høve tek vi til vitande at eit forbod fram til 27. april er ulovleg, og vi har såleis ikkje hatt ein dag meir hytteforbod enn resten av landet. Det er elles vanskeleg å følgje resonnementet ditt når du fyrst skuldar meg for å ha makt over regjeringa til å innføre eit nasjonalt hytteforbod, og i neste setning klagar på meg for at regjeringa har overprøvd Vinje sitt ynskje om hytteforbod ei veke lenger enn det nasjonale.
Ditt hovudangrep på meg gjeld ein kronikk som sto i Dagbladet 25.03.2020, altså etter at det nasjonale hytteforbodet var innført. Det var ikkje underteikna som skreiv denne kronikken, men eg står bak den saman med tre kommuneoverlegar og tre ordførarar. Kronikken er forfatta av ei kommuneoverlege, og er medisinskfagleg grunna. I ditt innlegg skriv du at eg har handla djupt usolidarisk og i grov utakt med dugnaden Statsministren bad alle vere med på. Vel, Statsministeren bad folk ikkje bruke hyttene sine. Då eg sa det same, var det då noko anna enn det Statsministeren sa? Eg ser ikkje logikken din i å skryte av Statsministeren og håne meg når vi sa det same.
Eg avsluttar med å vise til ein hytteeigar i Vinje som takka oss for at vi jobba for innføring av hytteforbodet. Han kom frå utlandet, og hadde tenkt å reise på hytta for å sette seg sjølv i karantene. Då det blei hytteforbod respektrete han det og blei heime. Det viste seg at han var smitta av korona, og blei akutt sjuk og hadde ikkje greidd å kome seg heim sjølv. Han var glad han ikkje var på hytta då det skjedde.
Jon Rikard Kleven,
ordførar i Vinje