Aslak Ringhus
Meiningar
Takk til Rauland Ridesenter
Lesarinnlegg
Rauland Ridesenter avviklar drifta si om nokre månader. Det vert òg punktum for
nesten 40 år med riding som ein del av tilbodet til AiR. Det er ikkje ei ynskjeleg utvikling, men trist og vemodig.
Riding har vore ein sentral
del av tilbodet til AiR heilt sidan oppstarten av senteret. Saman med
Beitostølen Helsesportsenter er AiR dei einaste rehabiliteringssentera som har
hatt riding som ein integrert del av rehabiliteringa. Tusenvis av deltakarar
har fått gylne augneblink på hesteryggen. Og ridetilbodet haustar særs gode
tilbakemeldingar.
Å handtere eit stort dyr,
gje klare beskjedar og vere tydeleg er det mykje læring i. Riding er ikkje
mogleg utan kommunikasjon og gjensidig tillit mellom hest og ryttar. Å kjenne nærleiken og varmen til det
majestetiske dyret har for mange ein terapeutisk effekt. Når AiR ser seg nøydd til å
ikkje lenger kjøpe tenester av ridesenteret er det ikkje av faglege grunnar.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP