LESARINNLEGG

Til Jonny Lauvstads tilsvar angående brøyting 21.03.23

Dette var eit temmeleg veikt svar på tiltale frå teknisk etat i Seljord – her me minnes ein heil vinter med dårleg brøyting, skraping og strøying. På den nevnte fredag 17.03.23 toppa det seg nok for mange. Det kom eit godt snofall som starta på torsdag og strakte seg ut det neste døgnet. Kl 14 på fredag var eg ute og køyrde på Brøløs, då var det eit tjukt lag med seig sørpe og masse vatn i vegen. Sjølv med 4WD var det veldig ussete å køyre i. Det var ingen teikn på noko brøyting på dette tidspunktet. Så kor var dei og brøyta for fullt, sa du? Var det kanskje slik at siste brøyterunde gjekk nåtta mellom torsdag og fredag, og sida kom dei ikkje ut føre langt utpå fredags ettermiddag? Det er for seint å komme ut når folk allerede har skjena seg heim frå jobb.

Så eg må sei meg enig i klaga til Frode Odberg, eg også lurer på korleis dette kan skje? Vi har eit veldig høgt nivå på kommunale avgifter, og betaler altså for å kunne køyre trygt på vegane her i Seljord - med vanlege bilar, uten å vera redde for å spore ut, og i verste fall treffe fotgjengarar. Man skal sjølvsagt køyre etter forholda, men det får vere grenser for kor dårlege vegar me må akseptere, og over så lang tid. Tidlegare i vinter var det aldeles forferdeleg sporete langs Brøløs og også oppetter Gullnesvegen, og sikkert fleire vegar også. Det var også eit svært krater med djupt vatn i botn av bakken opp til Tussejuv barnehage. Der var man omtrent på livet med å finne ut korleis ein skulle komme opp bakken – det same gjaldt å komme seg opp Gullnesvegen i trygg behald. Ved Tussejuv kunne man ikkje ta fart, det gjekk ikkje verken på grunn av krateret man måtte svinge utanom for å ikkje slå nedi, eller på grunn av at det trass alt ferdes folk og små ungar der i bakken. Då gjekk det mange dagar – eg trur eg kan påstå at det gjekk langt over ei veke – føre vegane i Seljord blei skrapa.

Tilbake til starten – dette var dråpen som fekk begeret til å renne over for fleire – etter ein heil vinter med dårlege vintervegar. At det til tider kan vere vanskeleg å halde det snofritt – ja, det har alle forståing for. Og at brøytemannskapet gjer sitt beste – ja, det veit me. Men at det skal spinkes og sparast føre brøytemannskapet får startsignal – det er ikkje noko dei ansvarlege i kommunen kan vere stolte av. Så å kalle det mengder og vêromslag som gjer at dekkon ikkje klarar å halde det snofritt, det er vanskeleg å tru på. Slik som det såg ut langs vegane på fredag, då bør det vere nokon som legg seg flat og innrømmer at dette var for dårleg. Dette skal ikkje hysjast ned og bagatelliserast, og ikkje skal folk som klagar bli stempla som sytete og bortskjemte. Her bør det kome ei innrømming frå kommunen om at det har vore for dårleg i vinter, og det bør kome ei revidering av rutinar og minimumsgrenser for igangsetting av brøyting.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS