Meiningar

Ulovlege gebyr på Songavegen og politikarar som ikkje bryr seg!

Lesarinnlegg

Publisert

I 1989 vart det oppretta eit veglag for Songavegen med føremål om å krevje inn vegavgift for bruk av vegen, slik at standarden kunne haldast på eit høgare nivå enn det Statkraft sjølv hadde behov for. Denne praksisen har vore sterkt omstridd, og mange har hevda at innkrevjinga av avgifter har vore på grensa til å bryte med konsesjonsvilkåra for Statkraft si vasskraftutbygging.

Etter siste damrehabilitering i 2021 vart det innført elektronisk bom, der betaling må skje digitalt. Dersom betaling ikkje er registrert innan 48 timar etter passering, vert det sendt ut ein faktura. For dette har forvaltingsselskapet for Songavegen kravd eit tilleggsgebyr på 59 kroner (i røynda er dette eit fakturagebyr, uavhengig av kva ein kallar det) – for å sende ut ein faktura på 50 kroner.

No viser det seg at Songavegen ikkje har hatt det lovpålagde løyvet etter veglova §56 til å krevje inn tilleggsgebyr. Dette løyvet vart først gjeve i kommunestyremøtet 25. mars 2025. Alle tilleggsgebyr som er kravde inn før denne datoen, har difor vore ulovlege. No er ikkje beløpet all verda, men det handlar om prinsippet om ærlegdom og rettstryggleik for innbyggjarane. Vi oppmodar difor alle som har betalt tilleggsavgift før 25. mars 2025 om å krevje dette tilbake med renter. Det er berre å sende ei førespurnad til Songavegen.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS