Referat
Privat
Vel 60 interesserte skogeigarar fann vegen til Morgedal Hotell
Dagens høge tømmerprisar er ein inspirasjon for dei skogeigarar som vil investere i skogkultur.
Møtet blei opna med ein orientering ved prosjektleiar
Vegard A. Johnsen i «Omstillingsprosjektet
til Kviteseid kommune». Han sa mellom anna at primærnæringane jord – og
skogbruk hadde fått sin rettvise plass i dette prosjektet. På neste møte i
prosjektstyret ligg det føre eit forslag om 20% ekstra støtte til ungskogpleie
i 2025. Dette kjem i tillegg til statsstøtta på 40 % og høvet til å nytte eigne
avsetningar på skogfond.
Denne sjansen bør skogeigarane i kommunen gripe, oppfordra hovudtalar Simon Thorsdal, direktør berekraft og samfunnskontakt AT Skog i
neste innlegg. Thorsdal understreka sterkt behovet for omstilling og
moglegheiter for auka fangst og lagring av CO2 i skogbruket der planting og
ungskogpleie er eit viktig tiltak for framtidige inntekter både ved
skogproduksjon og binding av CO2. Han fortalde at AT Skog følgde
aktivt med i utviklinga av denne
marknaden som enno ikkje er heilt mogen, men som kan føre til utfordringar i
forlenging av omlaupstida og dermed mindre driftskvantum. Dagens høge
tømmerprisar er ein inspirasjon for dei skogeigarar som vil investere i
skogkultur.
Sverre Bakke med lang fartstid som skogbrukssjef i Tokke, sa at skogbruket var ei viktig næring for
Kviteseid. Kommunen er Vest-Telemark største skogkommune med ein brutto
tilvekst på 80.000 m³ pr. år. Sjølv om noko av denne tilveksten, av ulike
grunnar ikkje kan avverkast, kan ein
heilt sikkert hogge 50.000 m³ kvart år. Brutto tømmerpris i dag er i overkant
av 700 kr/m³. Det betyr at kviteseidsamfunnet har ei næring som kan omsette årleg
for 35 millionar kroner som vil gje ein netto på minst 20 millionar kroner. God skogkultur gjer at avverkinga kan aukast
monaleg .
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP