KRONIKK

Solsnu: Dette bålet endra ingenting i verdas klimakamp, men eg kjende meg betre og mindre åleine etterpå, skriv Eilev Erikstein.

Ver ikkje redde!

«Det finst verkelege ting som ikkje kan formidlast med ord. I staden viser dei seg. Dei er det mystiske.» (Ludwig Wittgenstein 1889-1951)

Publisert

Og med dette sitatet er det meste sagt. Likevel prøvar eg å forstå det som ikkje let seg skrive med ord eller talast om.

Julebodskapen i sum er at me menneske har verdi. Difor vart Gud menneske og sende sin eigen son til jorda som eit lite barn. Over engene ved Betlehem krinsa englane. Dei song om ein Frelsar.

Dei som fekk bodskapen fyrst var hyrdingane på Betlehemsmarka. Hyrdingane levde utanfor samfunnet, var ikkje rekna med. Sjølv kjenner eg meg meir heime mellom hyrdingane enn vismennene, men spennet i dei som kom for å sjå Jesusbarnet fortel at bodskapen er for alle.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS