Varaordførar Stian Hauge (Sp).
Elin Fjalestad
Meiningar
«Viss det finst ein kommune som klarer å drifte alt dette på eit lågare nivå, så vil eg gjerne lære av dei»
Lesarinnlegg
Saksopplysning til Erling Brauti
sitt lesarinnlegg.
Senterpartiet i Kviteseid har
aldri gått inn i forhandlingar der det å ikkje reversere privatisering
av kommunale vegar låg som eit absolutt krav. Faktum er at dette verken vart
diskutert eller var ein del av forhandlingane. Kvifor eitt parti vel den eine
sida framfor den andre har eg ikkje innsikt i – men det finst sikkert gode
grunnar til det.
Så er det vanskeleg å ikkje
kommentere Erling si harselering med den politiske og administrative styringa
av kommunen. Me har to store sektorar i budsjettsamanheng: helse og oppvekst.
Desse utgjer om lag 85 % av driftskostnadane i Kviteseid kommune – i hovudsak
tenester som innbyggjarane får direkte. Dei resterande 15 % dekker alt anna:
politikk, næring, teknisk drift, fellestenester, kommunedirektør og mykje meir.
Viss det finst ein kommune som klarer å drifte alt dette på eit lågare
nivå, så vil eg gjerne lære av dei.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP