LESARINNLEGG
VTB: Nyheits- og reportasjeformidlar i 50 år.
Når eg blar i tidlegare tiders gode og gamle årgangar av 50-åringen Vest Telemark blad (VTB) og samanliknar dei med nåtidas avis, er skilnadene på visse område påfallande store prega av utviklinga i det å lage lokalavis og ein annan form for reportasje- og saksjournalistikk. Slik som når den fyrste og mangeårige redaktøren, Tore Skaug, kom på ski i vindjakka si og med blokk og blyant for å skrive om krinslangrenn i Byrte eller Haukeli, i Høydalsmo eller Fyresdal. Då kom det alltid gode og levande reportasjar i VTB etterpå. Men på andre område har avisa vore lik seg sjølv og halde på arbeidsforma og den velkjende profilen sin. Men var det noko nytt på EU- eller Nei til EU-fronten, som dessutan var opphavet og grunnsteinen i avisa, kom det stundom som meiningsbrytande leiarstoff eller lesarytring.
Kanskje naturleg som eit spegelbilde av tida, og ikkje som kritikk, er det lite å lese om denne saka i VTB nå for tida, sjølv om Nei til EU-rørsla framleis lever i Vest-Telemark. Lesarytringane var det periodevis lite av, men når ein blar i årgangane, ser ein at dette tomromet stundom blei fylt av underteikna, til irritiasjon for nokre og av interesse av andre. Tore Skaug gav ytringane fritt spelerom som den opne og saksorienterte redaktøren han var. Men alle dei etterfølgande redaktørane har i stor grad følgd i Tore sine godt opptrakka fotspor.
VTB har gjort mange gode framsteg gjennom desse 50 åra, takka vera dyktige journalistar, god redaksjon og mange andre flinke medarbeidarar, og ikkje minst at det er nok å skrive om i Vest-Telemark. Som abonnent i alle desse åra, har det hopa seg opp med eit betydeleg tal aviser og årgangar. Og det er rart å sjå seg sjølv som spegel frå tid til annan i desse eldre og falma avisene. Mykje har hendt og mykje er skrive om frå Vest-Telemark gjennom desse åra. Noko har kanskje hamna i gløymeboka, men dei fleste hendingar finn ein i minneboka. Avisene talar sitt eige språk. Å formidle deira språk i bokform, som ei form for jubileumsbok, er ei utfordring. Men utfordringa burde vore teken om ho ikkje alt er gjort det for det eg veit.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP