Føreslo stenging: Thor Filip Halvorsen føreslo å stenge parkeringsplassen ved Lastein Bryggje i helgene, for å få bukt med at folk drikk alkohol i bilane.

Aldersgrensa vurderast fortløpande, men no er det inngang også for 20-åringar

Drivarane av Larstein Bryggjekafe melder om ei roleg helg utan bråk, og seier dei held aldersgrensa på 20 år til helga. Ordføraren seier kommunen må vurdere spørsmålet om stenging av parkeringsplassen.

Publisert

Førre veke skreiv VTB om ynsket frå administrerande direktør i Telemarkskanalen Skipsselskap AS, Thor Filip Halvorsen om å stenge parkeringsplassen om kvelden på fredagar og laurdagar. Årsaka til ynsket var at mange drikk medbrakt alkohol i bilane.

– Det er eit innspel som kommunen må ta opp til vurdering, seier ordførar i Tokke, Jarand Felland (Sp).

– Saka må fyrst opp i formannskapet. Før den har vore det, har eg ikkje nokon synspunkt rundt stenging av parkeringsplassen, held han fram.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS