Vidareutdannar seg i heimbygda: Anja Borgersen har studert spesialpedagogikk ved USN dette studieåret.

Anja sit att med viktig kunnskap. Ho er ein av 26 studentar som har tatt masterstudium på heimebane

I 2018 starta ein intern prosess i Vest-Telemark for å vurdere kommunanes spesialpedagogiske arbeid, og identifisere ulike utviklings- og kompetansebehov. I vår er dei fyrste studentane ved det desentraliserte samarbeidsstudiet i spesialpedagogikk ved målstreken.

Publisert

– Det er eit kjempegodt tilbod, og eg sit att med så mykje kunnskap, seier Anja Borgersen frå Rauland.

Dei 26 studentane ventar enno på avgjerda etter siste eksamen i spesialpedagogikk. Fleire av dei skal leggje fram oppgåvene dei har arbeidd med i vår på ein erfaringskonferanse på Vinjehuset 9. juni. Konferansen har fått tittelen «Korleis bli betre saman? Inkludering og spesialpedagogikk»

– Eg håpar det er mange skule- og barnehagetilsette, eller andre som jobbar med barn som vil kome på konferansen, seier assisterande rådmann og oppvekstansvarleg i Vinje kommune, Anders Sandvik.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS