60 meter: Telemarkrøye AS har lenge hatt eitt oppdrettsanlegg i Fyresvatn, og har nå fått løyve til å etablere eit 60 meter langt ilandføringsanlegg for fisk.

Får løyve til å etablere eit ilandsføringsanlegg for fisk

Hovudutval for plan og miljø i Fyresdal har gjeve dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel, slik at Telemarkrøye kan etablere eit ilandføringsanlegg for fisk frå Birtedalsvegen.

Tiltakshavar skal fylgje krav frå kommunen om rekkverk på båe sider av landgangen og montering av ljos, for å ivareta helse, miljø og tryggleik.

Det må bli søkt om byggjeløyve på ordinært vis.

Artikkelen held fram under annonsen.

Telemarkrøye søkte om etableringa fordi verksemda er i ferd med å kome opp i eit produksjonsvolum som fordrar ein betre metode for uttak av fisk, både med tanke på fiskevelferd og effektivitet.

Ein pumpeslange for fisken skal ligge ved anlegget i Fyresvatn – dette for å ha kontroll med fisken under pumping, og for å redusere faren for eventuell rømming av fisk. Fisken blir henta frå oppdrettsanlegget i Fyresvatn, blir pumpa inn på ein «bløggebil» og avliva før den blir frakta vidare til slakteri.

– Dette vil føre til vesentleg effektivisering av slakteprosessen samanlikna med dagens praksis, og vil vere avgjerande for at Telemarkrøye skal få lønsemd i drifta framover. Ein ser klart at dette vil auke dyrevelferda, og at det vil vere med på å sikre lokal sysselsetjing, står det i saka til lokalpolitikarane.

Lengda på slangegata (landgangen) er 60 meter. Punktet som er landfesta blir éin meter brei, og får rekkverk med høgde 1,3 meter.

Røya kjem frå oppdrettsanlegget ved Gunnøyni i Fyresvatn. Telemarkrøye har drive med produksjon av fisk sidan 2011, og held til i eit bygg på industriområdet Molandsmoen noko nord for Fyresdal sentrum.