Bønder frå heile landet demonstrerer utanfor Stortinget torsdag morgon. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

Ap og Sp med kompromissforslag for bøndene – vil senke timetalet til 1750

Regjeringspartia går i siste liten med på å justere på timetalet for bøndene i landbrukspakken sin. Dei vil no leggje til grunn 1750 timar i eit årsverk.

Publisert Sist oppdatert

– Vi har fått klare tilbakemeldingar på at det er urettferdig at eit årsverk i jordbruket har fleire timar enn det andre har. Derfor legg vi fram eit forslag om å redusere timetalet, seier leiar i næringskomiteen på Stortinget Willfred Nordlund (Sp).

Forslaget frå Senterpartiet og Arbeidarpartiet blir levert like før saka skal behandlast i Stortinget torsdag morgon, og samtidig som fleire bønder demonstrerer utanfor bygningen.

Tidlegare ønskte regjeringspartia å leggje til grunn 1845 timar i eit årsverk for bøndene i den nye inntektsberekninga si og opptrappingsplan for landbruket.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS