Åtvarar mot for harde føringar for handelsbygget. – Det er ei byggjesak, ikkje ein sentrumsplan
Både rådmann og ordførar fryktar heile prosjektet går i vasken dersom politikarane legg for harde føringar på utbygginga av den gamle bilrutetomta.
Kjersti Kaasa (SV) var fyrste politikar som gjekk på talarstolen under torsdagens kommunestyremøte i Vinje, då ho kom med ein interpellasjon om Åmot sentrum, i samband med utbygginga på den gamle bilrutetomta.
– Me som kommune ynskjer gode sentrumsområde som set menneska i sentrum. Då saka om eit nytt handelssenter i Åmot blei lagt ut til høyring sommaren 2023 kom det mange innspel som fokuserte på nettopp dette: gode sentrumsområde som set menneska i sentrum, sa Kaasa i interpellasjonen.
Rådmann Jan Myrekrok innleia svaret sitt med å fortelje om dei mange innspela kommunen har fått i samband med saka.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP