Ber om økonomisk støtte til båthamn
Draghaug AS ber Kraftfond Møsstrond om 400 000 kroner til arbeidet med båthamn ved garden Haug ved Møsvatn.
Jon Neset skriv i søknaden at det i dag ikkje er råd å setje ut båt før vasstanden er på 914,5 meter. Det betyr at ein store delar av sommaren må køyre til Varland for å setje ut båten. Hamna gjev dessutan berre plass til 2-3 båtar.
– Men det ligg godt til rette for utviding av hamna og bygging av rampe, skriv han, og legg til at dette vil styrke vidare drift av Snøscooterservice AS, som han tidlegare åtte, men som no er selt.
Han peikar på at prøvekøyring av båt tek mykje tid om ein må heilt til Varland.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP