Bondelaget demonstrerer mot inntektsberekninga for landbruket utanfor Stortinget. Onsdag morgon avlyste bøndene den tradisjonsrike politikarfrukosten i samband med jordbruksforhandlingane. Foto: Javad Parsa / NTB / NPK
Bønder demonstrerer utanfor Stortinget
Onsdag kveld har bønder frå heile landet samla seg utanfor Stortinget før det skal stemmast over den omstridde inntektsberekninga for landbruket.
Allereie onsdag morgon byrja demonstrerande bønder å samle seg utanfor Stortinget. Onsdag kveld har fleire strøymd til, og ifølgje NRK planlegg nokre av dei å sove utanfor Stortinget natt til torsdag.
Mange bønder er usamde i tala som dannar grunnlaget for årets bondeoppgjer. Torsdag skal Stortinget stemme over den nye inntektsberekninga, som inneber at bøndene skal jobbe 145 timar meir enn andre i året.
Tala som Ap, Sp og Høgre har vorte samde om, inneber 1845 arbeidstimar for bøndene, sett mot 1700 timar for ein lønnsmottakar. Norsk Bonde- og Småbrukarlag har varsla at dei ikkje kjem til å akseptere noko over 1700 timar.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP