Butikken i Åmotsdal opnar att
Drivarane av nærbutikken i Åmotsdal melder på Facebook at butikken vil halde ope att torsdag, fredag og laurdag.
I går meldte nærbutikken at dei måtte stenge dørene på grunn av smittefare. No skriv drivarane at dei ventar på testresultat. Og: Dei har fått hjelp av nokon i Åmotsdal som gjer det mogleg å opne butikken att.
– Me er veldig takksame, skriv dei.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Velkommen igjen til ein hyggeleg handel i vakre Åmotsdal, held dei fram.