Dagens dyraste: Denne vêren sette ny rekord for auksjonen i Seljord, og vart selt for heile 22 000 kroner. Augond Mostøyl (15) leidde ut mange av vêrane.
Aslak Mikucki-Ringhus
Denne vêren blei seld for 22 000 kroner
Snaue 50 vêrar vart auksjonert bort i Husdyrhallen på Dyrskuplassen laurdag, i den årlege vêrauksjonen i regi av Telemark Sau og Geit.
– Det er mest norsk kvit sau (NKS), og ein del spæl, fortel Torhild Sisjord, sekretær i Telemark Sau og Geit.
Før auksjonen byrja var det døming og premiering av vêrane. Totalskåren til sauene består av to delar – den eine er såkalla O-indekspoeng, ein standardisert skala frå Norsk Sau og Geit som vêrane får poeng for på førehand, medan den andre delen er dommarpoenga, som vart delt ut før auksjonen laurdag. I dømminga fekk sauene poeng i fylgjande kategoriar: bein, brukseigenskaper, kjøtfylde og ættepoeng.
Så vart dei høgast rangerte sauene i kvar kategori: ungdyr og vaksne for både NKS og spæl. Sauene fekk så fyrste, andre og tredje-premie. Dommar Jon R. Aas såg så på vêrane med lik poengsum, på høgda, kjøtfylde, og området ned mot rova, betre kjent som krysset.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP