Open: Restauranten Family House ligg rett ved Tallaksbrukrysset, og har busstoppen i knutepunktet som næraste nabo.

Det er snart ni år sidan Mahmoud og Fazya kom syklande over grensa i Kirkenes. Nå har dei opna restaurant på Haukeli

– Han heiter Ghaith. Det betyr godheit og velsigning, seier Fazya, og kikkar ned på spedbarnet ho held på armen. Ho er innom og helsar på ektemannen Mahmoud i den nyopna restauranten hans – Family House.

Publisert Sist oppdatert

Utanfor Haukeli Turistheim står ein stor kvit buss, nokre personbilar og ein moped. «Open» lyser det frå eit blått og raudt neonskilt på døra, rett under ein rikhaldig meny på både norsk og engelsk.

Bladfyken er ikkje åleine om å rusle inn, og bak disken i det ljose lokalet finn me ein strålande fornøgd restaurantdrivar.

– Nokre har kome og ete her fire gonger på ei veke, smiler Mahmoud Baroutji.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS