Tomt til biofabrikk: Ei kjempetomt er sprengt klar for å kunne etablere biodrivstoffabrikk til høgre for det store sagbruket på Jordøya 11 kilometer nedanfor Åmli sentrum.

Fabrikken kan gje store ringverknader. Har fått med gigant på planane

Det er sett fart på planen om biodrivstoffabrikk i Åmli igjen. Giganten Equinor er ny samarbeidspartnar. Kjem fabrikken er det ikkje bare etableringskommunen som vil nyte godt av kjempesatsinga.

160 mål: Etter all sprenginga ligg ei tomt på 160 mål klar for nyetablering like ved sagbruket på Jordøya. Det er ikkje sikkert at ein biodrivstoffabrikk treng alt arealet.

I 2015 danna trelastkonsernet Bergene Holm dotterselskapet Biozin. Målet var å byggje ein fabrikk som kan gjere alt av trevirke, også blad og barnåler, om til biodrivstoff. Valet fall på Jordøya som lokaliseringsstad, like ved Bergene Holm sitt største sagbruk, Nidarå.

Shell sa ja til å gå inn med økonomi og teknologi i bioprosjektet, men i mai i fjor trekte selskapet seg ut av satsinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Biozin gav ikkje opp prosjektet av den grunn, og byrja leitinga etter ny stor samarbeidspartnar. Rundt 20 firma melde interesse. Valet fall på giganten Equnior (tidlegare Statoil), noko mellom anna Åmli-ordførar Hans Fredrik Tangen (Ap) er svært glad for – optimismen er i hamn for at etableringa av fabrikken blir ein realitet.

Mykje meir trua nå

Tangen fortel at om alt går etter planen kan det kanskje bli ei investering i fabrikken i 2026, og at den står ferdig i 2028–2029.

– Det er ikkje vedteke å bygge biodrivstoffabrikken, men eg har mykje meir trua nå enn før for at det skjer – fordi Equnior er med, seier ordføraren.

Ei tomt på 160 mål litt unna sagbruket er ferdig sprengt, eit område der fabrikken er tenkt å ligge.

– I praksis er det Shell sine pengar som har opparbeidd tomta, seier Tangen, glad for at det skjedde.

Dei tre selskapa

Biozin Holding AS er eit heileigd dotterselskap av Bergene Holm AS. Biozin Holding AS blei etablert for å produsere fornybare drivstoff frå norske sagbruk- og skogbruksrestar.

Bergene Holm AS er Noregs største sagbruksselskap med vel 450 tilsette og omsetning på over 2,1 milliardar kroner. Bergene Holm AS driv sju fabrikkar og andre verksemder i Sør-Noreg, og har over 75 års erfaring frå norsk treindustri.

Equinor ASA. Dette er eit breitt energiselskap som har forplikta seg til langsiktig verdiskaping i ei lågkarbonframtid. Formålet til selskapet er å omdanne naturressursar til energi for menneske og framgang for samfunnet.

Equinor sin portefølje inkluderer naturgass, olje og raffinerte produkt, fornybar energi, lågkarbonhydrogen og karbonfangst og -lagring.

Equinor har ambisjon om å bli eit klimanøytralt selskap innan 2050.

Det er Jordøya Tomteutvikling AS som eig tomta, eit selskap der Åmli kommune gjekk inn med rundt 20 millionar kroner. Ifylgje Proff eig kommunen litt over 48 prosent av aksjane i selskapet. Agder fylkeskommune har nesten 37 prosent, AT Skog 6,4 prosent, Froland kommune 1,9 prosent og andre aksjonærar har totalt 6,5 prosent. Desse er kommunane Arendal, Grimstad, Vegårshei, Gjerstad, Risør og Tvedestrand.

Jordøya Tomteutvikling AS blei stifta i 2017 med ein aksjekapital på over 43 millionar kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

160 mål: Etter all sprenginga ligg ei tomt på 160 mål klar for nyetablering like ved sagbruket på Jordøya. Det er ikkje sikkert at ein biodrivstoffabrikk treng alt arealet.

Direktør har tru på fabrikk

Thomas Skadal er administrerande direktør i Biozin Holding AS. Han trudde at ein kom i mål med Shell som samarbeidspartnar, men blei veldig skuffa over at det ikkje gjekk.

– Men eg er veldig fornøgd med at Equinor har kome inn som ny samarbeidspartnar, seier Skadal, før han fortset:

– Me er i ein tidleg fase – det blir nå gjennomført ein konseptstudie. Det konseptet me ser på nå har me absolutt tru på. Eg trur det kjem ein fabrikk på Jordøya. Det er snakk om store investeringar. Me står føre eit tidkrevjande og hardt arbeid, men målet er å kome i hamn.

Åmliordførar Reidar Saga til VTB i 2017:

«Å få ein fabrikk med 75 arbeidsplassar er noko ein bare kan gå og drøyme om. Og ein fabrikk genererer aktivitet rundt i bygdene, så ein kan nok tenke at det totalt vil gje 150 arbeidsplassar.»

Det er ikkje bare Åmli kommune som kjem til å kunne gle seg om fabrikken kjem og det blir mange arbeidsplassar.

– Dette er eit prosjekt som vil påverke mykje meir enn Åmli kommune, seier Skadal til VTB

Studien skal avklare

I ei pressemelding før sommarferien blei det opplyst at Bergene Holm AS og Biozin Holding AS har inngått avtale med Equinor om å studere moglegheitene for å utvikle eit industrielt, fornybart biodrivstoffprosjekt på Jordøya i Åmli i Agder.

Nidarådirektør Johan Mørland til VTB i 2017:

«Å få Biozin-fabrikk på Jordøya vil vere utruleg viktig for skogeigarane i Vest-Telemark, som i dag har veldig lang transport på massevirket. Aukar lønsemda i skogbruket, kan det bli meir hogst. Og då kan me skjere meir tømmer. Me håpar det kjem ein fabrikk her.»

Artikkelen held fram under annonsen.

«Blir det tatt avgjerd om å realisere prosjektet, er planen at det framtidige produksjonsanlegget i Åmli skal omdanne råstoff frå skogen og treindustrien til berekraftig og avansert biodrivstoff. Studien skal avklare om det er teknisk og kommersielt mogleg å bygge og drive ein slik verdikjede. Eit viktig element er framleis å nytte lokalt råstoff og den ferdige utvikla industritomta på Jordøya i Åmli», står det i meldinga.