Får ta ut 10 000 kubikkmeter masse
Fyresdal plan- og miljøutval gjev Tor Skræi dispensasjon for eit uttak på inntil 10 000 kubikkmeter masse fordelt på 5 år. Området skal bli rydda etter ferdig uttak, jamført paragraf 50 i Minerallova.
Masseuttaket skal skje i eksisterande sandtak i Gamle Kleivgrendsvegen på eigedomen til Skræi.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sakshandsamar Kristine Gisholt skriv at det er snakk om eit gardsmassetak, som også vil drive litt kommersielt.
– Det er positivt at ein kan bruke allereie etablera massetak til mindre uttak som dette, i staden for å etablere nye. Fordelane er større enn ulempene, og dispensasjon kan bli gjeve, konkluderer Gisholt.