Fem og eit halvt års fengsel for Sjølie
Den tidlegare advokaten og hotellinvestoren, Halstein Sjølie, er i dag dømd til fem og eit halvt års fengsel i Oslo tingrett. Han er også dømd til å betale 46,5 millionar i erstatning. I tillegg kjem rente.
Aktor, førstestatsadvokat Geir Kavlie ved Økokrim, hadde lagt ned påstand om seks års fengsel medan forsvararen, advokat Vegard Aaløkken påstod fem års fengsel.
Dommaren i saka, konstituert tingrettsdommar Toini Oulie-Hauge, meinte Sjølie hadde gjort seg fortent til 20 prosents «tilståingsrabatt» medan aktor meinte 15 prosent var nok.
Sjølie er også frådømd retten til å praktisere som advokat, fem års forbod mot å drive næringsverksemd eller ha tillitsoppdrag i næringsselskap. Dette forbodet kjem først til å gjelde etter at Sjølie har sona ferdig.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP