Nye smakar: Laurdag hadde Giovanni og Nils Johan frå Uliveti open dag på den nye basen i Vinjesvingen. Der presenterte dei olivenolje med tre nye smakar: appelsin, sitron og chili.
Symre Taugbøl Bang
For olivenbøndene Giovanni og Nils Johan er det like viktig å føre vidare kultur og kunnskap som å selje
Giovanni Filippo Cozzi og Nils Johan Svalastog Garnes har produsert olivenolje sidan 2015 under merkenamnet Uliveti. På plass i nye kontor i Vinjesvingen presenterer dei tre nye produkt.
Giovanni Filippo Cozzi og Nils Johan Svalastog Garnes er lidenskapeleg opptekne av arbeidet sitt, og synest det er like viktig å fortelje og forklare interesserte som å selje mykje. Dei legg vekt på å lage olivenolje på ein måte som vernar om både kulturen og naturen.
– Det er viktig for oss å vere til stades i alle ledd i produksjonen. Då kan me forsikre at alt er av høgste kvalitet og fortelje steg for steg korleis ei god olje blir til, seier Giovanni.
1. juli flytte dei inn i nye kontor i underetasjen av det nye Vinjesenteret for å kome litt meir sentralt.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP