Lårdalsåi: I fjor vår aksjonerte fleire mot utbygginga av Lårdalsåi.

Fylkesmannen har konkludert: – Kommunen kan ikkje stille krav om reguleringsplan

Fylkesmannen meiner det ikkje er heimel til å stille krav om reguleringsplan i saka om utbygginga av Lårdalsåi.

Publisert Sist oppdatert

Det blir vist til at det er alt gjeve konsesjon for tiltaket. Derfor har det kommunale vedtaket i Tokke blitt «oppheva som ugyldig», konkluderer Fylkesmannen.

Fylkesmannen har også tidlegare behandla ei klage frå Vest-Telemark Kraftlag på kravet om reguleringsplan. Også då blei kommunen sitt vedtak oppheva fordi «kommunen ikkje på tilfredsstillande måte hadde kommentert dei tilhøve som klagaren tek opp i klaga». Og det blei stilt spørsmål ved om tiltaket krev dispensasjon når det alt er gjeve konsesjon.

Tokke kommune behandla saka på ny, og grunngav sitt vedtak med at det er ny politisk samansetning, nye politiske føringar og auka fokus på kulturturisme i kommunen.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS