Dagleg leiar: Sonja Sandvik fortel at Vinje bryggeri vart råka særs hardt av pandemien, og er takksam for formannskapets vedtak.

Går mot eigarskifte for bryggeriet: – To år med uforutsigbarheit og umoglege føresetnader.

Drivarane av Bjaaland bygderestaurant har signert intensjonsavtale for overtaking av drifta av Vinje Bryggeri.

Publisert Sist oppdatert

Avtala, som vart signert 14. mars i år, inneber at Berstad Holding AS vil vidareføre drifta i bryggeria sine lokale i Bøgrend. Drifta er definert i avtala som «bryggeriverksemd med produksjon og distribusjon av Vinje-øl, pub- og konsertverksemd, festival-deltaking og butikkutsal».

Berstad Holding AS er holdingselskapet til Thomas og Hellene Berstad, som frå før driv Bjaaland Bygderestaurant i Morgedal. Dei står også bak Morgedal Bygdefestival, som i fjor vart arrangert for fyrste gong.

Selskapet vil under intensjonsavtala kjøpe 100 prosent av aksjane i bryggeriet, avtala stipulerer vidare at «begge partar tek sikte på å gjennomføre heile overføringa i løpet av 2022».

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS