Klarsignal: Pointbreak kan gå vidare med planane om attvinningsanlegg for plast på Langmoen i Haugsjåsund etter at dei fekk dispensasjon frå krav om reguleringsplan frå eit ekstraordinært formannskapsmøte i Nissedal torsdag.

Gjev fritak frå krav om reguleringsplan – men varslar likevel oppstart av planprosess

Pointbreak AS i Treungen får dispensasjon frå krav om reguleringsplan på Langmoen. Det vart klart etter eit ekstraordinært formannskapsmøte torsdag.

Publisert Sist oppdatert

Nissedal formannskap vedtok samrøystes å gje dispensasjon frå krav om reguleringsplan til Pointbreak AS, stadfestar ordførar Ian Parry-Jones til VTB. Verksemda har planar om å byggje eit pilotanlegg for attvinning av plast på det 30 dekar store området på Langmoen i Haugsjåsund dei kjøpte av kommunen i 2022.

– Me bruka ein del tid på å diskutere dei neste stega i prosessen, det vil seie byggjesøknad og påsleppsavtale, som var eit omgrep ikkje alle var kjent med, fortel Parry-Jones.

Ordføraren sa til VTB før møtet at han vart overraska då han oppdaga det ikkje låg føre reguleringsplan for området, og karakteriserte prosessen som kritikkverdig.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS