Gav resultat: Seljord næringslag med leiar Hilde Hagen-Nielsen i front bad Seljord kommune greie ut konsekvensane før dei set i gang eigedomsskattlegginga, noko kommunen avviste. Seinare starta næringslaget ei underskriftskampanje mot eigedomsskatt. Her saman med Geir Jensen (t.v.), Tellef Solås, Tormod Tveitan, Svein Andrup, Arnt Helge Hauglid, Vidar Tveiten, Terje Nordstoga og Olav Moen. (Arkivfoto)
Else Børte
Glade for at dei blei høyrd
Torsdag kveld vedtok eit solid fleirtal politikarar i Seljord at dei ikkje vil innføre eigedomsskatt. Det er det mange som gler seg over dagen derpå.
– Det her viser at engasjement fungerer. Styret i Seljord Næringslag er glade på vegner av innbyggjarane og næringslivet i Seljord, og me er stolte av det engasjementet dei har vist, seier leiar av Seljord næringslag, Hilde Hagen-Nielsen.
Arnt Helge Hauglid fortel at det var med glede han såg på streaminga av kommunestyremøtet frå Seljord torsdag då politikarane vedtok at det ikkje blir innført eigedomsskatt frå nyttår.
– Det er veldig mange dyktige politikarar i Seljord. Eg er stolt at me saman har klart å overtyde kommunestyret om at eigedomsskatt ikkje er løysinga for å få ein attraktiv og berekraftig kommune, seier Hauglid til VTB.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP