Jolegåve: Kamilla Langen fekk den beste jolegåva ho kunne ynske seg.
Privat
Gledeleg jolegåve for hotell-Kamilla
Hotelleigar Kamilla Langen i Haukeli greidde å få stoppa aktiviteten til hotellinvestor, eigedomsmeklar og advokat, Halstein Sjølie. Men dei siste vekene har ho hatt varsel om tvangssal av Haukeli hotell hengande over hovudet. I ettermiddag forsvann dette trugsmålet.
– Klokka 15.50 fekk eg først telefon frå Sparebanken Telemark og deretter telefon frå advokaten min om at saka var løyst. Gjensidige forsikring har heva tilbodet sitt, og dei to bankane, Sparebanken Telemark og Handelsbanken går saman og dekker resten. Eg kjenner ei enorm lette, og er svært overraska over det som skjedde i dag, seier Kamilla Langen til Vest-Telemark blad.
– Dette er den beste jolegåva eg nokon gong har fått og det beste eg kunne håpe på nå, legg ho til.
Bakteppet
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP