M/B Fjellvåken: Fyrste turen i dag er unnagjort, og legg båten til ved Skinnarbu for å ta om bord passasjerane på ettermiddagsruta.

Har frakta sju tusen passasjerar over Møsvatn

Det fine sommarvêret har ført mange til fjells. I løpet av sesongen, som varte frå 25. juni til 5. september, hadde rutebåten Fjellvåken meir enn 7000 passasjerar ombord.

Publisert

Odd Solheim frå Møsstrond er skipper om bord på Fjellvåken. I heile sommar har han og Erik Svendsen frå Skien bytt på å føre båten dei fire mila frå Skinnarbu og innover. På grunn av låg vasstand har båten måtta lagt til ved Liset heile sesongen. Derfrå og inn til turisthytta på Mogen er det kring tre kilometer.

Båten brukar rundt halvannan time på turen. Solheim fortel at båten det meste av sommaren har gjort to turar dagleg. Båten er sertifisert for 72 passasjerar, men på grunn av pandemisituasjonen, er det no sett eit tak på 45 personar pr. segling.

Aksjeselskap med overskot

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS