Reparerer: Verkstadkroken på Askeladden. I denne kroken reparerer Tor Strømme defekte ting og gjev dei nytt liv. Denne dagen var det ei klokke som skulle reparerast.
Torleiv Berdal
I denne butikken er det pensjonistane som styrer – og overskotet gjev dei til velgjerande føremål
Bruktbutikken Askeladden i Åmot er eit kjærkome tilbod for pensjonistar som ønskjer å halde seg aktive. Butikkleiar Tor Strømme har rundt 30 namn på vaktlista.
Dei første åra dreiv Kvito og Vinje pensjonistlag butikken saman, men i 2013 kjøpte pensjonistlaget inventaret frå Kvito for 25 000 kroner og sidan har pensjonistane drive butikken åleine. Butikken har hatt gode år og gjev overskotet til velgjerande føremål kvart år. I fjor gav dei 80 000 kroner til slike føremål.
– Me har vore heldige med ein snill utleigar og har fått inn mykje bra ting. I butikken har me mykje servise, lampar, glasvarer, møblar, bøker, dukar og gardiner. Mange kundar har sagt at me har sett låge prisar på varene og at dei har gjort gode kjøp her, seier Tor Strømme, leiar av butikken.
Gåvmilde folk
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP