Kongeleg invitasjon: Telespinn-gründer Bjørg Minnesjord Solheim er invitert til å sitje i panel under det kongelege vev-symposiet «Samlande trådar», fredag 12. april.

Invitert til kongeleg vev-symposium: – Ei fjør i hatten

Kronprinsesse Mette-Marit har invitert Bjørg Minnesjord Solheim til å delta i eit panel under symposiet, «Samlande trådar», i Dronning Sonjas Kunsthall 12. april.

Publisert

I panelet der Minnesjord Solheim er med, med tittel «Frå sau til skyttel», er temaet ull- og garnproduksjon i Noreg, og innverknaden denne næringa har hatt for norsk handverkstradisjon.

Både kronprinsessa og dronninga skal vera med gjennom heile helga, både som tilhøyrarar og i panelsamtalar. Kari Slaattsveen er programleiar gjennom helga.

– Å bli invitert på denne typen arrangement er ei fjør i hatten for Telespin, og prov på at det me arbeider med kvar einaste dag, kan gjere ein forskjell, skriv verksemda i ei pressemelding.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS