Inviterte til jaktmesse og opna butikk
Under Dalsmarken arrangerte Interjakt Telemark og Drammen jaktmesse. Der blei også den nye jaktbutikken til Eivind Sandland Hårstad opna.
Dei som var innom messa fekk sjå utstilling av våpen, kikkertar, og jaktradioar frå kjende merke. Det var mange jaktentusiastar som kom innom messa, og som også fekk gleda av å sjekke ut den splitter nye butikken til Eivind Sandland Hårstad ved Tokke Teknologipark.
– Eg er særs fornøgd med at me endeleg har fått det meste på plass og kan drive butikken, fortel Hårstad.
Sidan butikken er ein del av Interjakt-kjeda kan dei tilby alt innanfor marknaden, og dei har kompetanse på det meste.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP