Prisvinnarar: Autostrada Seljord er kåra til årets forhandlar av Mercedes-Benz nyttekøyretøy i Noreg i 2023.

Jobba frå brakkerigg store delar av fjoråret – kåra til årets forhandlar i landet: – Me er ekstra nøgde

Autostrada i Seljord er kåra til landets beste forhandlar av Mercedes-Benz nyttekøyretøy i 2023.

Publisert Sist oppdatert

– Me er stolte av den utmerkinga. Når me også veit at størsteparten av fjoråret blei drive frå brakkeriggen er me ekstra nøgde, kommenterer dagleg leiar Terje Nordstoga.

Juryen, som er frå Mercedes-Benz Noreg, peikar på at Autostrada Seljord er «opptekne av detaljar og gjennomføring» og har «satsa planmessig» på nyttekøyretøy.

– Satsinga viser no sterke resultat. Dei har lagt vekt på å utnytte heile sitt distrikt og auka salskapasiteten med seljarar dedikert til Mercedes-Benz Nyttekøyretøy for å kunne ta ut potensialet. Dei arbeider planmessig og involverer både servicemarknad og sal i dette. I 2023 hadde dei måloppnåing på heile 187 prosent på kontraktsinngang, grunngjev juryen.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS