På Kolltveit: Geir Helge Susort (t.v.) og kona Hanne skal etter kvart flytte inn i kårbustaden på Kolltveit. Her saman med svigerson Jørund og dotter Ida Marie Heggtveit. Framme: Lars (10), Frøya (6) og Ole Jørund (12).
Øystein Øygarden
Jørund og Ida Marie har kjøpt naboeigedomen. – Dette styrkar framtida på garden
Jørund og Ida Marie Heggtveit har kjøpt Kolltveit i Åsgrend for å styrke næringsgrunnlaget på Dale. Samstundes kan kjøpet gje fleire innbyggjarar i grenda.
Det landbruksutdanna ekteparet er dei einaste bøndene i Åsgrend. Dei bur på garden Dale. Her har dei om lag 7500 verpehøner og vel 30 ammekyr, i tillegg til bier. Bøndene leiger mykje jord, mellom anna er dei andre generasjon forpaktar på Kolltveit. Nå har Jørund og Ida Marie kjøpt garden for 4,5 millionar kroner av Ingrid Svanheld sitt dødsbu.
– Dette styrkar gardsdrifta, seier Jørund Heggtveit til VTB, vel vitande om at stor del leigejord er usikker for ein næringsdrivande.
Han fortel om ein krevjande kvardag som bonde, med stadig høgare kostnader. Gjødselprisane er tredobla, som gjer at han har måtta gå over til husdyrgjødsel i år. Også prisen på kraftfôr har skote i vêret. Eit laust reknestykke viser at ekstrarekninga på kraftfôr kan bli ein kvart million i år. Nå håpar han på eit godt resultat i jordbruksforhandlingane – både kompensasjon og at inntektsgapet blir tetta.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP