Oppi trea: - For oss kjennest det rett ut å kunne dele av eigedomen vår då me har meir tomt enn det me klarar å bruke sjølve. For å gjera utforskning av området nærliggende tretopphytta enklare er me i gang med opprydding på eigedomen. Dette for at både store og små kan ta del i det skogen har å by på, seier Karoline Risan og Magnus Prøven.

Karoline og Magnus satsar på tretopphytte i kanalbygda

Med 70 mål skog og 26 mål dyrka mark vil Karoline Risan og Magnus Prøven dele opplevingane av det gode liv med andre. Snart er tretopphytta deira klar for gjester.

Publisert

Det er ikkje eingong gått to år sidan Karoline Risan og Magnus Prøven såg Lårdal for fyrste gong. Etter å ha forelska seg heilt i småbruket Tvigyva, kjøpte dei det og flytta inn for halvanna år sidan – og blei fullblods lårdølar. Karoline har behalde jobben sin i Humana barnevern. Magnus har hatt eit permisjonsår. Det året har det kome noko spektakulært ut av. Sju meter over bakken.

– Eg har skapt min eigen arbeidsplass ved å bygge ei tretopphytte, og den arbeidsplassen har eg også når hytta står ferdig, som vertskap. Eg har også eit ønske om samarbeid med Nav der folk kan vera på arbeidstrening her. Det blir mange arbeidsoppgåver med hytta, til dømes vasking, vedlikehald, booking og service, seier Magnus.

To med stor tomt

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS