Tvangssal: Morgedal hotell blir lagt ut på tvangssal.
Kari Smeland
Kommunen krev tvangssal av Morgedal hotell
Skattekrav frå Kviteseid kommune gjer at hotellet skal på tvangssal, melder Varden onsdag.
– Det er Kviteseid kommune som har kravd tvangssalet. Det første som må gjerast er å få oversikt over krava. Det er sju pantekrav i eigedomen på 51 millionar kroner, ifølge pantedokumenta. Kva som er reell salssum eller ikkje veit eg ikkje ennå, seier advokat Bjørn Dyrland til Varden.
Han har fått jobben med å selje eigedomen, som enno ikkje er lagt ut på marknaden.
– Det har vore nokon utfordringar med å avklare alt. Det viser seg også at bygget ikkje er forsikra, og det er vanskeleg å få forsikring, slik situasjonen er. Det har vore ein del ting som tar fokuset vekk frå salsprosessen, seier han til avisa.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP