Langmoen: Nissedal kommune selde 30 dekar av ei tomt på Langmoen
Geir Ufs
Kommunen selde tomt for ei krone – mangla reguleringsplan. – Kritikkverdig, meiner ordføraren
Formannskapet i Nissedal handsamar torsdag ein dispensasjonssøknad frå Pointbreak AS for bygging av plastattvinningsanlegg på Langmoen i eit ekstraordinært formannskapsmøte.
Trass i at området, som er regulert til «bygg og anlegg – framtidig renovasjonsanlegg» i kommunens arealplan, har krav om reguleringsplan, har dette ikkje kome. I mai søkte Multiconsult AS, på vegner av tiltakshavar Pointbreak AS om dispensasjon frå plankravet og arealføremålet for å etablere eit pilotanlegg for kjemisk attvinning av plast. Det er kalla inn til ekstraordinært møte for å handsame saka torsdag.
I 2022 selde kommunen ei 30 dekar stor tomt til Pointbreak AS på Langmoen i Haugsjåsund til ein pris på ei krone. Tomta vart frådelt frå ei 155 dekar stor tomt kommunen kjøpte av grunneigar Hege Lindsholm i 2021, for 2,2 millionar kroner. Tilbake i 2016 kjøpte Nissedal kommune også ei tomt i same område frå Lindsholm, då betalte dei 1,5 millionar kroner.
– Det er veldig spesielt at me har selt eit areal som ikkje er regulert til føremålet, seier noverande ordførar Ian Parry-Jones.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP