Erna Solberg understrekar at mange bedrifter framleis er i ein uviss situasjon. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix / NPK
Kontantstønad for bedrifter ut august
Kontantstønaden til bedrifter blir vidareført ut august. Det opplyste statsminister Erna Solberg (H) i NRKs Politisk kvarter fredag.
Holden-utvalet som onsdag la fram gjennomgangen sin av dei økonomiske stønadstiltaka etter koronakrisa, bad om at kontantstønaden til bedriftene vart avvikla så raskt som mogleg, på grunn av uheldige insentivverknader.
NHO protesterte, og no er dei bønnhøyrde.
– NHO meiner at det er feil å droppe kompensasjonsordninga no, men ordninga treng nødvendige justeringar, sa sjeføkonom Øystein Dørum i NHO til NTB torsdag.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP