Morgedal Hotell Eiendom AS, som har stått for drifta av Morgedal hotell, blir tvangsoppløyst.
Geir Ufs
Kroken på døra – fire selskap tvangsoppløyst
Måndag 20. april avgjorde Vest-Telemark tingrett at aksjeselskapet som har stått for drifta av Morgedal hotell, Morgedal Hotell Eiendom AS, blir tvangsoppløyst. Dermed blir det full stans i hotelldrifta.
Samstundes vart alle dei tre aksjeselskapa som har vore knytt til drifta av Botn skysstasjon i Vågsli, også tvangsoppløyste. Dette gjeld Haukeli Eigendom AS, Botn Hotelldrift AS og Botn Servicesenter AS.
Kravet om tvangsoppløysing kom frå Brønnøysundregistera med bakgrunn i manglande levering av årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding for 2018 for alle dei fire selskapa.
Etter dette er det for alle praktiske føremål kroken på døra og slutt med all hotelldrift for ekteparet Halstein og Marianne Sjølie frå Moss som inntil for mindre enn eit halvt år sidan var eigarar av seks hotell. Reint teoretisk kan Sjølie kome tilbake i posisjon om han maktar å innfri alle krav både til det offentlege og til alle andre kreditorar. Men krava er så store at det etter alt å døme er utanfor alle realistiske rammer. På toppen kjem den ventande straffesaka der den tidlegare advokaten er sikta for og har vedgått underslag av 30 millionar kroner i klientmidlar.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP