Landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) seier at ein ikkje kan gå tilbake på lausdriftskravet. At alle båsfjøs skal gå over til å ha lausdrift er ei av fleire endringar i norsk landbruk den siste tida.
Terje Bendiksby / NTB / NPK
Landbruksministeren om framtidslandbruket: Handlar om lønsemd og sjølvforsyning
Landbruket utviklar seg konstant. For gjera det meir attraktivt å vera bonde, meiner landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) at lønsemda i gardsdrifta må aukast.
Norske landbrukseigedommar er i ein overgangsfase. Innan neste år skal alle pelsdyrfarmar vera avvikla. Alle norske fjøs med storfe må ha omstilt seg frå bås til lausdrift innan 2034. Samtidig blir det færre bønder.
– Då trur eg me må gjera mange ting. Me må styrka landbruksutdanningane, og så handlar det om å gje landbruket ein høgare status i samfunnet. Når ungdom ønsker seg inn i Forsvaret, er det ikkje nødvendigvis fordi dei synest at det er så kjekt å gå lenge i skogen utan mat. Det er jo fordi at det er viktig å ha eit forsvar, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) til Nynorsk pressekontor.
Vil bli meir sjølvstendig
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP