Pol i Treungen?: I juni 2025 kjem folk frå Vinmonopolet til Treungen i samband med at det har kome ynske om polutsal der.
Privat
Langs Rv41 er det ingen pol. Nå prøvar kommunen igjen å lokke Vinmonopolet til Treungen
Fleire gonger har Nissedal fått nei til ynske om vinmonopol. I juni kjem representantar frå Vinmonopolet til Treungen med tanke på eventuell etablering.
I 2015 søkte Nissedal, Kviteseid og Tokke om å få vinmonopol, men det blei avslag. Same utfallet blei det i 2019 for Nissedal, Kviteseid, Tokke og Fyresdal.
For ikkje lenge sidan hadde ordførar Ian Parry-Jones, næringssjef Olav Kiland og omstillingsleiar Kristoffer A. Lyngvi eit digitalt møte med representantar frå Vinmonopolet. Igjen kom ynsket om polutsal, og tanken er ei etablering i Treungen.
– Det var eit positivt møte, og i juni 2025 kjem nokon frå Vinmonopolet for fyrste gong til Treungen med tanke på ei eventuell etablering av pol, seier Parry-Jones.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP