Laurdag opna dei ny serveringsstad i sentrum. – Det har vore mange her
I den gamle bensinstasjonen i Kviteseid har Oksana og Veronika Tsaruk opna kafé og gatekjøkken.
– Det har vore mange her, fortel Veronika Tsaruk bak disken på den nye serveringsstaden Non-stop i Kviteseid.
Laurdag opna dei dørene, og mange har tatt turen innom dei fyrste dagane.
Artikkelen held fram under annonsen.
Gatekjøkken og tradisjonell mat
På menyen er det pizza, burgarar og gatekjøkkenmat, men også tradisjonelle ukrainske rettar. Familien Tsaruk kom som flyktningar frå Ukraina til Kviteseid i 2022 og har hatt eit ynske om å tilby mat frå heimlandet.
På Non-stop kan ein kjøpe kålrullar, pannekaker med kjøt og suppe med gulrot og rødbeter.
Dei har også baka peanøttkjeks og sel bakte nøtter.
– Dette er typisk ukrainsk, fortel Veronika om dei heimelaga bakarvarene som står på disken.
Familien tilbyr også meir tradisjonelle gatekjøkkenrettar.
– Og burgarane her er heimelaga, fortel Oksana.
Møtestad
I enden av lokalet er det både eit spisebord og ei sofagruppe der gjester kan sette seg ned og nyte maten.
Det er også mogleg å bestille mat frå kafeen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– I helga var det fleire som bestilte både burgarar og pizza for å ta med seg heim, fortel dei nye drivarane.
Dei håpar den nye serveringsstaden skal bli ein møteplass i sentrum.