Malin og Ola satsar på turisme heime på garden. – Her kan folk gløyme klokka
På Midjås i Tokke er ekteparet Ola Midjås og Malin Jernberg Midjås i ferd med å realisere ein draum. Dei fyrste stavlafta er alt på plass, mykje av skogen er rydda, og etter kvart skal fem små hytter poppe opp i skogen på den naturskjønne eigedomen.
– Hyttene blir veldig fancy, men me drøymer om at dei besøkande ligg her i total stille, midt i naturen. Det blir så tett på naturen som om dei ligg i telt eller hengekøye, men med komfort. I gode senger, og utan mygg, fortel Malin.
Saman med ektemannen Ola, og dei to døtrene Juni og Freja, viser dei rundt heime på Midjås.
Artikkelen held fram under annonsen.
Og Midjås sparar ikkje på noko denne ettermiddagen på tampen av juni. Sola steiker. Vinden har tatt langhelg. Islandshesten deira beitar saman med folen frå nabogarden. Dei ni geitene forsyner seg av kjerr og kratt, og helsar nysgjerrig på. Ei av dei pratar høglydt, og har tydelegvis mykje på hjarte.
– Ho der kallar me berre Bitch´n, ler Malin.
– Her skal me sjølvsagt rydde meir, legg ho til medan ho viser veg gjennom lyngen berrføtt i sandalar.
– Denne dammen skal me også ordne med duk og grus i botn. Det er gjennomstraum så det blir frisk vatn, fortel Ola og peikar mot ein liten kulp som ligg fint plassert mellom sanitæranlegget og hyttene.
– Her blir det utekjøken og badstue også etter kvart, supplerer Malin.
Så er me framme på den vesle åsen der dei to fyrste hyttene kjem. Midt i skogen, men med ein utsikt sjølv ein innfødd vesttele blir imponert over. I det fjerne skimtar me frodige Dalen og skinande Bandak.
– Me kallar det berre Furuåsen. Her kjem det to hytter på åtte og fjorten kvadrat, og dei andre hyttene blir meir inni skogen, fortel Ola.
Hyttene som skal kome på Midjås kjem frå oddhouse, og er små hytter der tre av veggane er i glas og berre baksida i tre. Glaset er festa direkte til stålkonstruksjonen, og dekker derfor heile huset på dei tre sidene.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mykje erfaring frå reiselivet
Midjås er barndomsheimen til Ola. Han er mekanikar, og arbeider i Nordsjøen med turnus to veker på og fire veker av. Malin er rådgjevar for fylkeskommunen med arbeidsplass på Dalen. Men ho er absolutt ikkje fersk i reiselivsbransjen. Ho kjem frå Stockholm, budde ti år i Hellas og vart headhunta til å arbeide på Dalen hotell. I 2014 vart ho hotellsjef.
– Etter ti år i Athen kom eg til Dalen, og tenkte korleis skal dette bli? Men eg elskar det! Eg elskar alt med livet her, dei små skulane, bygdefestar. Alt saman, ler ho.
Ho sa opp jobben som hotellsjef då dei skulle ha sitt fyrste barn. Eit virke som hotellsjef passar ikkje så godt saman med livet som småbarnsforelder.
Med to fulle stillingar og to små døtrer på fire og to, passar det betre å satse på turisme heime på garden. Prosjektet har fått namnet Vidsyn Midjås, og er verkeleg eit familieprosjekt.
– Eit felles prosjekt er bra for eit lykkeleg ekteskap, då utviklar ein seg saman, smiler Malin.
Det fyrste bygget dei skal setje opp er sanitærbygget, her blir det to bad, kjøken og tur-rom med forskjellig utstyr som ski og truger som dei besøkande kan låne. Det blir straum og innlagt vatn. Bygget blir i stavlaft, og det er Ola og faren hans som bygger.
– Er du utdanna tømrar?
– Nei, eg er mekanikar, eg. Men pappa kan det, fortel Ola.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det går litt seint, da, legg han til.
Malin er snar med å rose både ektefelle og svigerfar.
– Eg synest det går kjempefort. Eg synest du er utruleg dyktig, rosar Malin.
– Berre å gunne på
Det er viktig for dei at satsinga skal føre til så lite inngrep på naturen som mogleg. All materiale er frå eigen skog.
– Vindfallshogst frå stormane i vinter, fortel Ola.
Hyttene kjem i modular, og treng berre eit fundament som ganske enkelt kan fjernast seinare. Ingen av hyttene vil sjå kvarandre, og vertskapet kjem heller ikkje til å sjå hyttene frå sitt hus.
Det verkar som alt er tenkt gjennom. Dei folkevalde i Tokke meinte også Vidsyn Midjås er eit godt og spennande prosjekt, og tidlegare i vår støtta dei prosjektet med 200 000 kroner.
– Eg synest dette var spennande, og eg har trua på det. Det kan godt hende eg vil ha ei nått der opp, altså, sa Hilde Alice Vågslid (Ap), då saka var oppe i formannskapet. Politikarane var samrøystes både i formannskapet og i kommunestyret.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Kommunen har vore kjempesnille med oss, og gjeve tilskot. Alle i kommunestyret har vore veldig positive. Eg synest det er slik her, at folk støttar opp og heiar på kvarandre, seier Malin.
Totalt har dei rekna den økonomiske investeringa på Vidsyn Midjås, med dei fyrste to hyttene, til 2,5 millionar.
– Det er ein stor økonomisk investering, men eg er ikkje uroa. Det er berre å gunne på. Eg er jo som Pippi, ler Malin.
Pippi er godt kjent for gullkornet: «Det har eg aldri gjort før, så det kan eg heilt sikkert.»
Vil skape ei unik oppleving
Dei elskar begge to å reise, Malin har reist jorda rundt, men ho trur at fleire nå blir stadig meir bevisste på klima og utsleppa reisene bidrar til.
– Alle bør bli flinkare til å reise i eiget land. Eg har også veldig trua på det å selje eit konsept, ikkje berre ei overnatting, men ei oppleving, fortel Malin.
Dei ser for seg å samarbeide med andre instansar i området, som kanalen, museet, bønder, og tilby gjestene rideturar, bær og soppsanking om hausten, og om vinteren er det fine langrennsløyper i området. Dei vil skape ei unik oppleving for dei som kjem.
– Me vil lage eit relaxing stay. Her kan dei gløyme klokka, seier Malin.
Artikkelen held fram under annonsen.
Draumen er at turismen på sikt kan bli ein arbeidsplass for ein av dei.
– Eg drøymer om vaktlar, gris, fleire hestar og telemarkskyr, medan Ola...
Ho ler.
– Men me byrja med ein katt, og nå har me jo ni geiter og ein hest også. Eg er drøymaren, og Ola er meir realist, seier Malin og skottar bort på ektefellen.
Vidsyn Midjås er ein felles draum dei har hatt i fleire år. Det byrja med at Ola hadde lyst på ei tretopphytte. Tretopphytta ligg førebels ikkje i planane, men kven veit.