Marianne styrkar tilbodet med butikk i nabokommunen. – Eg kjente at det ville vere dumt å seie nei til dette her
Marianne Haugen Solstad, som eig og driv Vinje Fjellflora på Rauland, styrkar tilbodet med butikk i nabokommunen. 1. januar overtok ho blomsterbutikken på Rjukan.
Blomsterbutikken på Rjukan har vore i drift i tolv år, og Marianne fekk eit tilbod frå dei tre karane som har drive fram til no om å kjøpe butikken og ta over drifta.
– Eg er ein drøymar, så eg bruka ikkje så lange beita på å bestemme meg, smiler ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Alt på veg heim etter møtet med dei tre karane på Rjukan, hadde ho bestemt seg.
– Eg kjente at det ville vere dumt å seie nei til dette her.
Marianne overtok butikken 1. januar. To medarbeidarar, som har arbeidd i butikken i 100 prosent, blir med vidare, og Marianne, som både er eigar og dagleg leiar, kjem til å vere i butikken på Rjukan éin dag i veka.
– Så får me ta det derifrå.
Til forskjell frå butikken på Rauland, er butikken på Rjukan ein del av kjeda Interflora.
– Medlemskapet til Interflora er ukjent for meg, så det er ein del å setje seg inn i no i oppstarten. Det er litt søknadar og diverse ein må få på plass, men eg håpar å ha kontrollen i løpet av månaden, smiler ho.
Kvifor er dette ein sjanse du ikkje ville la gå frå deg?
– Her på Rauland har eg ikkje så mykje sorgbinderi. På Rjukan er det meir av det. Då kan me spela på kvarandre, seier ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho legg også til at sidan butikken er medlem av Interflora, får ein sjanse til å delta i meisterskap og på kurs.
– Og det er alltid moro å samarbeide med andre dekoratørar, smiler ho.
Du sa at du er ein drøymar. Lever du draumen din?
– Ja, eg gjer for så vidt det. Men i alle yrke blir ein lei. Eg synest det hadde vore stussleg å leggje ned her og starta ein annan plass. Det har eg ikkje noko tru på. Men det å kjøpe andre butikkar som går greitt, det er frykteleg moro, ler ho.
Krevjande år
På spørsmål om utfordringane som kjem med å drive butikk i ei dyrtid, svarar ho at auka kostnadar, både for innkjøp og for driftsutgifter som straum, har vore krevjande.
– Det var eit røft år i fjor, det er heilt sikkert. Både med tanke på at eg får høgare rekningar inn, og at eg sjølv synest det har vore vanskeleg å auke prisane hos meg.
Ho seier det har tatt tid å jobbe med det, men at det går litt lettare no.
– Folk har meir forståing for at prisane må auke, seier ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Marianne er tydeleg på at konkurransen frå daglegvarebutikkar som også sel blomar, er ein evig kamp.
– Dei køyrer på med dei rimelegaste produkta, og det er forståeleg at kundane også blir freista av det. Men ein kan ikkje koma dit for å bestille ein bårebukett eller ein oppsats. Då må ein på ein blomsterbutikk. Men me kan ikkje leve av berre det, seier ho.
Det er ikkje berre lett å drive blomsterbutikk, så Marianne seier ho er nøydd til å supplere med andre varer enn blomar. I butikken på Rauland finn ein både klede og interiør.
– Eg har eit hinsides varelager! Eg er god på å handle, ler ho.
Rjukan er ein rein blomsterbutikk, men Marianne ser ikkje vekk ifrå at ho vil supplere med litt andre varer der også.
– Skal ein freiste kundane må ein også ha varer. Og eg byrjar å bli kjent med kva kundane røskar med seg, smiler ho.
Møter kundane med eit smil
For Marianne er kundeservice og opplevinga i butikken heilt sentral. Ho ynskjer at kundane skal kjenne seg velkomne når dei besøker ein av butikkane hennar.
– Det viktigaste for meg er at kundane får eit smil og at dei kjenner seg sett. Det å koma inn i ein butikk der dei er serviceinnstilte og blide, synest eg har mykje å seie. Eg trur det kan gjere mykje for at folk skal kjenne seg velkomne og at dei har lyst til å koma igjen, seier ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Marianne gler seg til å ta fatt på det nye året med ny butikk, men innrømmer at det har gått litt i bylgjedalar.
– I haust gledde eg meg veldig, men så skal ein gjennom ein prosess med banken, som er dryg. Det trykte meg litt ned. Så når eg skjøna at det gjekk i boks, kjente eg at dette vil eg ikkje snakke om. Så det enda med at eg skreiv det på jolekortet, ler ho. Men no gler eg meg igjen.
Ho har fått mange positive tilbakemeldingar, og ho kan roe alle med at butikken på Rauland ikkje blir nedprioritert.
Marianne er spent, men ser optimistisk på å drive to butikkar.
– Eg trur og håpar at det vil gå bra. Eg kan ikkje skjøne at det ikkje skal gjera det, smiler ho.